Hopp til hovedinnhold 

Dypdykk

Bremonologane

Om ein bre kunne snakke, kva hadde han fortalt?

Jostedalsbreen hadde nok skrytt og snakka høgt og lenge om alle krinklar og krokar han kjenner, og alle folka han har møtt. Om alle som vil sjå på han, ta på han, gå på han. Han hadde garantert fortalt historier frå verkeleg gamle dagar – kanskje ei skrøne eller to – men samtidig gjort det klart og tydeleg at han er langt frå nokon olding. Maks 5000–6000 år gamal. Tenk på forfedrane mine, ville han sikkert sagt, det er dei som verkeleg har forma landet.

Under den siste istida, for 117 000 til 11 600 år sidan, var heile Noreg dekt av ein samanhengande stor isbre. Ei iskappe som skura svaberga du har lege på i sommar, grov ut dalane du har vandra i, og forma landskapet slik vi kjenner det.

– Breen har ei veldig viktig rolle i å modellere og skape landskapet vårt, fortel geolog, breførar og DNT-turleiar Thorbjørn Kaland.

– Mange kjenner U-dalar og V-dalar frå skulen, men det er fleire andre landskapselement som òg er signaturar frå breen.

Geologen snakkar om eskerar, som er ryggar skapt av smeltevassdreneringa under isen. Vidare har du morenar, store delta, jettegryter, skuringsstriper og spylerenner, for å nemne nokre.

– Du kan lese landskapet når du går på tur, og det er eg litt oppteken av. Ein av dei største truslane mot friluftsopplevingane våre er denne her, seier han og løftar opp mobiltelefonen.

– Der måler vi turen i staden for å nyte han. Vi skal telje skritt, høgdemeter og kaloriar, og gløymer å sjå på kva breen har skapt.

– Kva ser du når du er ute på tur?

– Eg ser breen i heile landet. Ein ting vi ikkje tenker så mykje over, er arbeidet breen har gjort for å skape den vakraste skjergarden i verda, eller berre det at vi har ein skjergard. Reiser vi sør for Noreg, er kystlinjene ei endelaus rett linje i form av ei sandstrand, eller som ein klippevegg. Istidene har skapt skjergarden, fortel han.

På ein måte er breen livlaus, men på ei anna side er han veldig levande. Levande og livlaus.
– Thorbjørn Kaland, geolog og breførar
 Skuringsstriper oppstår i fast fjell når steinar frys fast i underkant av breen og blir ført med nedover.

Isbreane vi ser i dag, er, i motsetnad til kva ein kanskje skulle tru, ikkje overlevarar frå førre istid.

– Mange trur at isbreane i Noreg er restar frå siste istid, men etter den var det mykje varmare enn i dag. Vi finn restar etter skog på Hardangervidda, til dømes.

Under denne perioden blei Noreg truleg meir eller mindre isfritt, før ein ny kuldeperiode slo inn for kring 6000 år sidan. Breane vaks fram på ny og nådde si største utbreiing under det vi kallar den vesle istida.

– Den vesle istida hadde høgdepunkt rundt år 1750, og etter det har klimaet blitt varmare og varmare, fortel Kaland.

For menneska har isbreen vore både eit hinder og ein ferdselsveg. No oppsøker dei færraste breen fordi dei må, men fordi dei kan.

– Breen har ein magi. Alle kan oppleve breen utan å nødvendigvis gå på han – då må du ha kurs. Det er ei rik oppleving, fordi ho er så eksotisk. Dei fleste menneske bur langt borte frå ein bre.

– Kva tykkjer du er mest fascinerande med breen? 

– Å sjå bevegelsane, kike ned i bresprekkane og tenkje seg at her er jordskorpa i bevegelse. Eg likar å tenkje på breen som ein bjørn som ligg over fjellet, med lemmer ned i ulike dalar. Han ligg der og rører på seg, og du høyrer han knakar. På ein måte er breen livlaus, men på ei anna side er han veldig levande. Levande og livlaus. 

 Thorbjørn Kaland har i mange år leia bre- og geologiturar i regi av DNT. Her på veg til Finsehytta etter ein tur på Blåisen, som er ein arm av Hardangerjøkulen.

Brenndalsbreen kunne funne på å trekke fram i tida mellom 1650 og 1700. Då rykte han 4,5 kilometer ut i dalen og gjorde om frodig slåttemark til eit ugjestmildt ismassiv. Bøndene omtalte synet av han «som ei kvit kyr i himmelsjå». 12. desember 1743 hadde gjerne vore eit sårt minne. Eit kraftig regnvêr gjorde at isblokker rasa ut og tok livet av alle på garden Tungøyane, med unntak av ein 12 år gamal gut og ein tenestdreng. Breen hadde kanskje sagt audmjukt at han ikkje rådd over vêr og vind, ei heller menneska.

Briksdalsbreen i dalføret like ved hadde heilt sikkert halde eit aldri så lite foredrag om staselege engelskmenn som dukka opp på slutten av 1800-talet, og flotte fjordhestar som drog stadig fleire turistar fram mot brefronten. Han hadde garantert snakka om då han sette rekord tidleg i 1990- åra. Då rykte brearmen heile 200 meter fram på berre fire år. Men så hadde han nok blitt meir alvorleg, endra stemmeleie og mumla noko om at han syntest kreftene var reduserte, at han ikkje makta å rekke over like mykje. Det var blitt langt ned til turistane no.

For mange av gardane rundt Jostedalsbreen var den vesle istida ein krevjande periode, med store skadar på bygningar, beitemark og avlingar.

– Folk svalt, rett og slett, fortel professor emeritus Atle Nesje ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen. Han er òg knytt til Bjerknessenteret for klimaforskning.

Den dramatiske hendinga på Tungøyane blei skriven ned av Martinus E. Bødal. Nesje kom over dokumentet då det dukka opp i ein safe hos ein ven av han i Oldedalen.

Nesje fortel vidare om at bønder i dalen ikkje makta å betale skatten dei var pålagde. Hugleik Tungøen og Johannes Paulsen Qvamme var sendemenn og la ut på fleire lange og farefulle ferder til kongen i Danmark for å fortelje om stoda.

– Hugleik Tungøen omkom i Sværeskaret på Gaularfjellet på ein av desse turane. 

Eit kraftig regnvêr gjorde at isblokker rasa ut og tok livet av alle på garden Tungøyane, med unntak av ein 12 år gamal gut og ein tenestdreng.
 Fotopause på Blåisen. Brearmen gjekk i si tid heilt ned til Finsevatnet.

I etterkant av den vesle istida blei breane mindre, før snørike vintrar gjorde at brearmane på ny vaks fram i 1990-åra. Sidan Briksdalsbreen si veldige framrykking for kring 30 år sidan har han gått meir enn 800 meter tilbake.

I det store og det heile deler alle isbreane i Noreg og elles i verda ei liknande historie. Sidan tusenårsskiftet har dei minska i volum, og brefrontane har smelta tilbake.

– Vinternedbør og sommartemperatur er dei viktigaste faktorane som påverkar breen, ein slags rekneskap mellom inntekter og utgifter. Etter 2000 har vi hatt nokre varme somrar, og med unntak av nokre få år har breane hatt ein negativ massebalanse, fortel Nesje.

– Kor mykje av smeltinga kan tilskrivast menneskeskapte klimaendringar? 

– Dei endringane vi ser, er eit resultat av både naturlege og menneskapte endringar. Det menneskeskapte bidraget blir større og større, og hovudårsaka til bresmelting verda over er den globale oppvarminga. Ein nedbørsrik vinter kan kompensere og gjere at breane legg på seg enkelte år, men trenden er heilt udiskutabel.

Endringane er store, og tilbakesmeltinga skjer mykje raskare enn vi trudde tidlegare. Kanskje vil 90 prosent av dei norske breane forsvinne i løpet av dette hundreåret.
– Atle Nesje, professor emeritus ved Universitetet i Bergen

Ja, ja, ja, hadde sikkert Hardangerjøkulen kommentert på Jostedalsbreen si breiale avhandling. Han er kanskje størst, men kan ikkje skryte på seg å ha figurert i ein Hollywood-film. Så hadde kjempa på Hardangervidda lagt ut om Star Wars og isplaneten Hoth, om Luke, Leia og Han, og eit helsikes vêr under innspelinga. Den andre verdskrigen hugsar han nok òg godt. Soldatar som sveitta seg opp på platået med tjærepapp og sagflis for å lage flystripe. Jøkulen hadde tenkt sitt, han hadde jo det, og blei ikkje overraska då planane vart lagde på is. Ja, desse menneska finn på underlege ting, kunne Svartisen humra medan han fortalde om då nokon truga med å kome og hogge ut isbitar, som dei skulle selje dyrt til restaurantar verda over. Ikkje at det hadde plaga han så innmari i det store og det heile, han er trass alt nest størst i Noreg, men det blei for dumt å fyke kloden rundt med klumpar frå ein smeltande isbre.

– Kva er konsekvensane av at breane no smeltar og blir mindre?

– I Noreg skjer kring 15 prosent av vasskraftproduksjonen med utgangspunkt i elvar med utspring frå breen. Når breane blir mindre, eller kanskje smeltar heilt, vil den jamne store vassføringa forsvinne. Ein blir meir avhengig av nedbør og vil få større variasjonar i vassføringa, som igjen påverkar heile økosystemet langs elvane.

Atle Nesje trekker også fram geofarar som ras, og innverknad på reiseliv og turisme.

– Dei skjelv nok litt i buksene i Briksdalen og er spente på korleis turismen blir framover. I Jostedalen smelta Nigardsbreen tilbake 40 meter i fjor, og det blir vanskelegare å kome inn på isen. Dei slit med å ha gode og sikre turar på breen. For DNT vil gjerne brekryssingar som før var trygge, bli meir utfordrande.

– Korleis opplever du denne endringa?

– Eg blir litt trist og lei meg. Eg fekk oppleve då breane var store i 1990-åra. Endringane er store, og tilbakesmeltinga skjer mykje raskare enn vi trudde tidlegare. Kanskje vil 90 prosent av dei norske breane forsvinne i løpet av dette hundreåret. 

BREAR OG FONNER I NOREG

  • Det totale brearealet er 2328 kvadratkilometer, der 928 kvadratkilometer er i Nord-Noreg og 1400 kvadratkilometer i Sør-Noreg.
  • Jostedalsbreen er den største breen i Fastlands-Noreg.
  • Austre Okstindbre kan vere den eldste breen i Noreg. Her det funne spor frå 9000 år tilbake, noko som kan tyde på at han har overlevd sidan siste istid. ʭ Juvfonne i Jotunheimen har svært gamal is, ca. 7600 år gamal. Det er den eldste isen som er datert i Noreg.
  • For å danne ein bre er føresetnaden at det over fleire år kjem meir snø om vinteren enn det smeltar i løpet av sommaren. Når snøen blir tjukk nok, blir han danna om til is og sig nedover som ei sakteflytande elv.
  • Isfonner oppstår i område med permafrost og har liten eller ingen bevegelse mot underlaget.
  • Isbrear er sensitive for klimaforandringar og blir rekna som ein nøkkel indikator for endringar i klimaet av FNs klimapanel.
  • Ifølge ei kartlegging frå 2022, utført av NVE, har 365 kvadratkilometer isbre smelta vekk sidan førre kartlegging i perioden 1999–2006.
  • Om du vil ferdast på breen, oppmodar vi deg om å gjennomføre brekurs. Eit godt alternativ er å bli med på ein tur med breførar. Du kan finne både kurs og turar i aktivitetskalenderen til DNT. I tillegg finst det ei rekkje andre aktørar som tilbyr brekurs og guida bretur – undersøk kva som finst i ditt nærområde. 

 

Kjelder: NVE, Bjerknessenteret for klimaforskning     

 Du har garantert vore på tur og tenkt: Korleis hamna denne steinen her? Ein slik stein blir gjerne kalla ei flyttblokk og har blitt frakta hit av breen.

Eg har mange løyndomar, men dei blir stadig vanskelegare å halde på. Noko slikt ville kanskje Lendbreen sagt, før han hadde ramsa opp alt arkeologane har funne: ski, klede, bogar, piler, vandrestavar, hesteutstyr og hestebæsj. Eit hundeskjelett med halsband. Over 3000 gjenstandar totalt. Medan store delar av isen i Noreg er på veg ut av historia, trer spor frå ei anna tid fram i lyset.

– Neste veke skal eg ut til Lendbreen, då veit eg at vi kvar einaste dag kjem til å gjere fleire titals funn, fortel brearkeolog Espen Finstad.

Han leier programmet Secrets of the Ice i Innlandet fylkeskommune, som arbeider med innsamling, kunnskapsproduksjon og formidling av arkeologiske funn som smeltar ut av isen.

Sidan ein 3400 år gamal sko dukka fram ved Kvitingskjølen i Jotunheimen i 2006, har arkeologar til saman gjort nær 4000 funn på 70 ulike lokalitetar i Innlandet, og kartlagt fleire der det høgst truleg er gjenstandar å finne.

– Det er to kontekstar som er knytte til funna. Den eine er reinsjakt, og den andre er ferdsel, fortel Finstad.

Då villreinen trekte opp i høgda og ut på snø og is på sommaren, for å sleppe den plagande reinbremsen, nytta jegerane sjansen. Over 200 piler er funne, dei eldste 6000 år gamle.

– Vi finn bogestillingar ved iskanten og skremmepinnar dei brukte for å få dyra til å gå i ei bestemt retning, fortel Finstad.

– Rundt dei store lokalitetane våre samlar vi inn alt. Når du daterer all aktivitet, både frå menneske og dyr rundt ei isfonn gjennom kanskje 6000–7000 år, kan du få eit godt bilde av både menneskeleg aktivitet, syklusen til dyra og heile historikken til bruken av isen og dei aktuelle fjellområda gjennom lang tid. 

Isen er ei tidsmaskin for oss menneske, der funna blir tekne vare på som om dei var i ein fryseboks. No er fryseboksen i ferd med å bli øydelagd, og forhistoria smeltar fram i revers.
– Espen Finstad, brearkeolog
 Når breane og isfonnene smeltar, kjem spor frå fortida fram.

Majoriteten av funna blir gjorde i isfonner, som i motsetnad til breen ligg i ro. Lendbreen skil seg ut med svært mange funn. Her er det tydelege spor etter ferdsel og difor eit stort spekter av gjenstandar.

– Her har folk gått over, og det dei har mista, har blitt liggande i isen.

Blant funna er ei 1800 år gamal hestetruge, det eldste klesplagget i Noreg frå 1700 år tilbake i tid og ein 500 år gamal hund med halsband.

– Isen er ei tidsmaskin for oss menneske, der funna blir tekne vare på som om dei var i ein fryseboks. No er fryseboksen i ferd med å bli øydelagd, og forhistoria smeltar fram i revers. Jo meir av den verkeleg gamle isen som smeltar, jo eldre funn vil vi gjere. Du kan i prinsippet få funn som er 7000– 8000 år gamle, men ikkje noko eldre enn det, for då var det ikkje is der.

– Er det noko de ventar på skal smelte fram?

– Ja, det er jo eit menneske, då.

– Kan du beskrive kjensla når du gjer eit funn?

– Det er først og fremst veldig morosamt. Du står der og ser noko som ingen har sett på fleire tusen år. På ein av desse turane vi hadde seint på hausten i fjor, der du går ved ein iskant og ser ei 3000 år gamal pil ligge der – du stoppar opp og må puste litt. Samtidig har du heile tida eit bakteppe. Du blir slått av kor store endringar som skjer i landskapet, og det er trist å tenkje på at dei er menneskeskapte.

Du vil kanskje også like disse sakene:

  • Værmannsen

    Værmannsen

    Statsmeteorolog JOHN SMITS ber oss innse at alt vær inneholder uforutsigbarhet og kaos.

    Les mer
  • Dystopisk kjærlighetsbrev

    Dystopisk kjærlighetsbrev

    Fotograf Eivind H. Natvig vil at du skal sette deg ned i lyngen og se.

    Les mer
  • Tingenes tilstand

    Tingenes tilstand

    Vi ønsker et grønnere og mer sirkulært friluftsliv, men er vi villige til å gjøre vår livsstil så bærekraftig som mulig?

    Les mer