Hopp til hovedinnhold 

Friluftsfolk

Mor Utladalen

I nærare 40 år har Rigmor Solem hatt som jobb å passe på Utladalen og Jotunheimen.

– Utladalen har gjort meg til mykje meir vestlending enn eg er fødd og oppvaksen som. Eg er ikkje fødd her, men eg er oppdradd her, fortel Rigmor Solem (66).

I åsynet bak ho stuper fjellsidene ned mot dei turkise vassmassane i elva Utla.

– Ein kan tenke at det er trongt og klaustrofobisk, men eg pustar liksom ut når eg ser dette landskapet her.

Det tronge dalføret byr på usedvanleg rikdom. Ei konsentrert dose nasjonalromantikk. Heile spekteret frå frodig dalbotn til nokre av landets høgste tindar, med brear kvilande på skuldrane.

Husmannsplassar, gardar og stølar. Villrein og ørn. Ikkje minst dei mange fossane.

– Du har alt på ein stad.

Rigmor Solem kjenner om lag kvart eit tre og kvar ein stein i Utladalen, den to mil lange forlenginga av Sognefjorden inn i Jotunheimen.

På skuldra ber ho logoen til Statens Naturoppsyn (SNO). Den har ho hatt sidan år 2000, men karrieren i fjellet starta langt tidlegare.

– Eg debuterte som fjelloppsynsmann på Hardangervidda midt på 1980-talet. Dei måtte endre tittelen frå fjelloppsynsmann til fjelloppsyn, eg var første kvinne i jobben, fortel Rigmor.

I 14 år etter der igjen var ho utmarksfullmektig i Statskog. Heile vegen har Jotunheimen og Utladalen vore ansvarsområde.

No er oppsynet inne i sitt siste år, før pensjonisttilværet startar. Det er på høg tid å slå fylgje inn i hennar rike.

Utladalen

  • Utladalen landskapsvernområde vart oppretta den 5. desember 1980, saman med Jotunheimen nasjonalpark.
  • Utgjer ei geografisk forlenging av Årdalsfjorden, som går vel 20 km inn i Vest-Jotunheimen og deler Hurrungane i nordvest frå Tyinfjella i sør-aust.
  • Høge fossar stuper fleire stader ut i hovuddalføret, blant anna Vettisfossen med eit fritt fall på 275 meter. Fossen har det høgste uregulerte fossefallet i Nord-Europa og vart freda allereie i 1924.
  • Den urskogprega furuskogen på Vettismorki er særleg verdifull. Deler av denne er påverka av fluorforureining frå aluminiumsverket i Øvre Årdal.
  • I liene i Utladalen gjev kombinasjonen av godt lokalklima, friskt sigevatn og varm skredjord gode vilkår for artsrikdom. Varmekjære treslag som lind, hassel, svartor og alm veks der. Det er fleire stader godt utvikla høgstaudebjørkeskog.
  • Eit rikt kulturlandskap med spor etter tidlegare gards- og stølsdrift pregar nedre del av Utladalen.
  • Du kan gå Utladalen på langs på merka DNT-sti. På vegen kan du overnatte på Vetti gard (privat, betjent), Vettismorki (DNT, sjølvbetjent) og Skogadalsbøen (DNT, betjent). Du kan òg overnatte og få servering på Avdalen gard. Andre DNT-hytter i området er Gravdalen og Stølsmaradalen, begge ubetjente.
 Rigmor Solem har hatt ei lang karriere i fjellet og var første kvinne i jobben som fjelloppsyn.

Den friske dusjen frå Hjellefossen fungerer som ein slags inngangsportal til Utladalen, berre få meter frå parkeringa på Hjelle i Øvre Årdal. Den største turistmagneten er likevel Vettisfossen lenger inne, dagens første mål.

Så tidleg som i 1874 skreiv William Cecil Slingsby at han «har sett Vettisfossen dusinvis av ganger, ved en anledning også vinterstid, og blir stadig mer betatt av dens uhørte skjønnhet».

Etter kring fem kilometer på den såkalla Folkevegen, bygd på dugnad i 1977, ventar vaflar og ein rast på Vetti gard.

Den raudmåla fjellgarden har gjeve husrom til mang ein vandrar. I tillegg til Slingsby finn du òg namn som Edvard Grieg, Fridtjof Nansen og dronning Sonja i besøksprotokollen.

Medan mange går vidare inn til botn av Vettisfossen, fører ein gamal stølsveg opp til kanten der Morka-Koldedøla kastar seg utfor «lik en bevinget engleskare ned – ned – ned i den dunkle avgrunnen», som Slingsby ville sagt.

Ein sti mange turgåarar etter kvart har funne fram til.

– Slitasjen har verkeleg tatt seg opp dei siste åra, fortel Rigmor.

Ho går roleg oppover saman med hundane Jerv og Joker. To spreke hannhundar på elleve år.

– Dei har ein slåsskamp i året, elles held dei fred, seier ho.

Rigmor har gått her tallause gonger før og har vore så mykje i området at lokalbefolkninga trur ho er busett her.

– Eg har hatt hus og heim og familie i Vang i Valdres, men har vore mykje her på vestsida i jobbsamanheng. Det er mange som trur at eg bur i Årdal. Når eg kjem til Årdal seier folk «so du er heime att no». Utladalen har gjort meg til ekte vestlending, og eg har sansen for kulturen på denne sida. Det er ein meir direkte måte å uttrykke seg på, som eg likar, fortel ho.

– No bur eg i Vik, på ein høgdegard i Framfjorden. Der skal eg vere den siste delen av livet.

 Vettisfossen og den gamle furuskogen på Vettismorki er karakteristisk for Utladalen. Fossen blei freda allereie i 1924 etter påtrykk frå Vestlandske Naturfredningsforening.

I eit sikksakk-mønster slynger den bratte stien seg oppover. Når høgdekotane står tett, nyttar det ikkje med hastverk. For lette hundebein kan det likevel vere freistande å velgje ein meir direkte trasé.

– Du må ikkje ta snarvegar, Joker, det øydelegg stien, fleipar Rigmor.

Ho peikar på sherpatrappene som er bygd i dei brattaste partia og poengterer deira diskrete utforming og moderate omfang. Nok til at stien skal tole trafikken, vere trygg og nettopp gjere at ein ikkje let seg freiste av alternative ruteval.

På toppen flatar terrenget ut, fossen nærmar seg og slitasjen tek til. Ei plattform blei oppført på 1920-talet, men trongen til å sjå fossefallet i heile si lengde lokkar folk forbi oppsette gjerder og heilt ut på kanten.

– Det er skummelt å sjå på, seier Rigmor.

No står ho sjølv trygt inne på plattforma saman med nasjonalparkforvaltar Eldrid Nedrelo. Eit nytt utkikkspunkt er på trappene, plassert slik at det blir mogleg å sjå heile Vettisfossen utan å setje livet på spel.

Vidare skal ein ny sti leie fosseturistane vekk frå kanten. Tiltaket har møtt blanda reaksjonar og uro kring aukande grad av tilrettelegging.

Både Nedrelo og Solem poengterer at dette ikkje berre handlar om å legge til rette for folk.

– Vi ynskjer å styre trafikken og samtidig ta vare på vegetasjonen. Dette er ein gamal furuskog med høg nasjonal verdi, fortel Eldrid Nedrelo.

– I tillegg vil vi styre folk vekk frå kanten kor det kan vere hekkande rovfugl.

– Men vil ikkje ei slik plattform vere med på å auke trafikken?

– Det er ikkje det som er målet, men vi må rekne med at det kan skje, seier Nedrelo.

Rigmor Solem utdjupar:

– Når vi brukar så mykje ressursar på å restaurere stiar i området, så er det for å få folk til å halde seg på stien, og så pratar vi minst mogleg om dei områda vi ikkje ynskjer å ha så mykje ferdsel i.

Då vi arbeidde med Besseggenstien, var det nokon som meinte at vi gjorde det for å skape meir trafikk. Nei, vi gjer det for å ta imot den trafikken som er, og så vil vi forhåpentlegvis skåne andre områder. Det same gjeld på toppen av Vettisfossen. Folk får moglegheit til å sjå heile fossen, i staden for å ligge på magen og åle seg fram på kanten, medan dei held seg i ei lita busk. Det er likevel naturen som er i høgsetet. 

Når vi brukar så mykje ressursar på å restaurere stiar i området, så er det for å få folk til å halde seg på stien, og så pratar vi minst mogleg om dei områda vi ikkje ynskjer å ha så mykje ferdsel i.
 Utladalen byr på heile spekteret frå frodig dalbotn til høge tindar.

Gjennom ei lang karriere i fjellet, har Solem tidvis kjent på at ho kunne ynskje ein i større grad kunne regulere ferdselen i våre mest sårbare områder.

– Vi har allemannsretten og friluftslova og dei rettigheitene vi alle har til å ferdast i utmark, og det same gjeld i nasjonalpark i stor grad – det meste er lov. Vi kan prøve å styre ferdselen med tilrettelegging, kanalisering og informasjon, å vere smart der er utruleg viktig. Men det er ei utfordring at vi har lov til det meste, og så er det mange som tenkjer på kva ein har lov til og ikkje kva plikter ein har. Det er ein balansegang for forvaltarane, når det er såpass fritt som det er.

– Kan du bli usikker på allemannsretten?

– Ja, eg kan bli det innimellom. Det er jo ein fantastisk rett, lovfesta allereie på 1950-talet, men av og til hadde det vore freistande å forby ferdsel, om ikkje anna enkelte delar av året. I villreinområdene for eksempel.

Samarbeid har heile vegen vore eit mantra for Rigmor, både nasjonalt og internasjonalt.

– Eg er veldig opptatt av samarbeid. Ein kan ikkje køyre noko sololøp når ein skal ta vare på så mykje mektig natur. I Jotunheimen har eg nær kontakt med DNT Oslo og Omegn, nasjonalparkstyret og mange andre aktørar det er naturleg å samarbeide med. Eg har vore representant i styret i Europa for International Ranger Federation (IRF) og er med i eit samarbeid i Norden for å definere ranger-rolla.

– I ein del andre land er det langt strengare reglar i verneområde?

– Ja, eg har vore i mange av nasjonalparkane med dei strengaste reglane. I Sør-Patagonia var det nokon som fekk fleire tusen dollar i bot for å fly drone. Noko anna eg la merke til der, var måten guidane presenterte naturen på. Dei hadde biomangfald i fokus, at det var vi som skulle innordne oss. Dei var så stolte av andeskondoren, pumaen og dyrelivet sitt. Og så har du Noreg som «dei får berre flytte seg om vi kjem, vi har så mykje natur, dei får finne ein annan plass». Difor er det veldig viktig at vi har nasjonalparkar og verneområde, vi må verne for å ta vare på noko av naturen, plutseleg er det ein utbyggar eller såkalla utviklar som skal skape profitt.

– Kva tenkjer du om ansvaret ein aktør som DNT har i slike område?

– Eg synest DNT tar litt meir ansvar no enn før, spesielt når det gjeld villrein. Dei har absolutt eit høve til å informere, påverke og styre. Berre i Jotunheimen er det over 30 mil med T-merka løyper.

Det er ei utfordring at vi har lov til det meste, og så er det mange som tenkjer på kva ein har lov til og ikkje kva plikter ein har.
 – Dette er mitt favoritt-tre, seier Rigmor Solem. Styving av tre er ei av dei eldste formene for jordbruk i Noreg. I Utladalen blir slike styvingstre ivaretatt gjennom årleg skjøtsel.

Utladalen er eit landskapsvernområde og skil seg dermed frå nasjonalparkstatusen naboen Jotunheimen har. Her i dalføret finst eit større innslag kulturlandskap. Totalt fem gardsbruk har kjempa med og mot naturkreftene. Eitt av dei er Avdalen gard på vestsida av Utla.

Hit går turen neste dag. Ned att i dalen, nesten heile vegen tilbake til parkeringa, før eit skilt peikar mot ei ny stigning.

Rigmor fortel om skjøtsel av kulturlandskap, om styvingstrea vi passerer, ein karakteristisk del av det gamle jordbrukslandskapet på Vestlandet som ein over tid har tilbakeført i Utladalen.

Stien tek etter kvart ei slakare linje, gjennom ei grind. Det summar og kvitrar i den frodige vegetasjonen, ein admiral-sommarfugl ynskjer oss velkomen til gardstunet.

Det er fort å bli grepen av idyllen, men likevel ikkje vanskeleg å forstå at det har vore mykje slit i desse bakkane. Lenge stod bygningane til nedfalls, men Stiftinga Avdalen Gard har restaurert både bygg og kulturlandskap, eit arbeid Rigmor har vore sentral i.

 Avdalen gard har røter tilbake til 1500-talet. Garden er betjent i sommarsesongen frå slutten av juni til september. Ein kilometer nedanfor gardshusa finn du husmannsplassen Hagaberg.

Rigmor trur barndomen, samt eit år i Canada har vore viktig for ei lang og trufast teneste i fjellet.

– Eg er 66 år, og då eg var lita var det ein fri oppvekst utan innblanding av vaksne i det heile. Skogen og elva og det som låg ikring garden i Surnadal, kor eg vaks opp, var mi verd, fortel ho.

Under studietida var Rigmor eitt år i Canada på agricultural college, eit opphald som sette spor.

– Kva var det som gjorde slik inntrykk?

– Villmark, svarar ho kontant.

– Vi var ute i mykje meir villmark enn det vi har her, kvar bidige helg. Eg budde langt nord i Alberta, vi hadde mykje prærieulv, såg den nesten kvar dag. Såg bjørn. Vi padla som regel i elv og såg store elgar og anna vilt som levde nær elvene. Eg fekk augene opp for verdien i det uberørte.

Ho fortel at ho budde på ein gard på fem-seks tusen dekar og køyrde store maskiner ho ikkje hadde sertifikat til. Ei sterk kontrast til den frie villmarka.

– Du har mykje villmark, og så er det rett over på busetnad som ber preg av industrilandbruk, ikkje det småskala som vi ser her. Det hadde berre budd folk der i 80 år. Eg leita litt febrilsk etter ein steingard, eit gamalt tømmerhus, gamle ferdselsvegar. Det trur eg forsterka trongen min til å ta vare på dette gamle jordbrukslandskapet, og verdien av å ikkje høvle ned alt av det våre forfedre har slitt med i århundrer.

– Du tenkjer ikkje at naturen berre skal få ta alt tilbake?

– Hadde vi kome her på slutten av 1800-talet, hadde det ikkje vore ein skogrik dal, slik du ser i dag. Då hadde det vore hausta og snaugnaga i alle lier. Skjøtselsplanen eg laga på slutten av 1990-talet seier at vi skal ta vare på kulturlandskapet ikring gardsbruka og langs stiane. Det andre skal naturen få styre med. For meg og forvaltarane er det riktig å ta vare på det som vi no skjøttar. I overgangen mellom det store naturlandskapet og desse små teigane av skjøtta kulturlandskap har du eit dyreliv som profitterer på begge, dei lever i ei randsone som kan vere vel så rik som det utanfor, opplyser ho.

– Eg har vore ein del i Romania, og fleire stader lever dei på den måten her endå, eit meir nøysamt liv, eit arbeidsamt liv, kor ein klarer seg med lite. Der trur eg vi har mykje å lære når eg ser korleis vi driv rovdrift på naturen. Dei gjorde det på slutten av 1800-talet òg, då dei nesten utrydda hjorteviltet på grunn av moderne våpen og dårleg forvaltning av jakt. Med den kunnskapen vi har i dag, er det mykje slett behandling av natur. At vi ikkje klarar å sjå samanhengane betre med det kunnskapsgrunnlaget vi har i dag, er skremmande. Ho ser utover dalføret medan Avdalsfossen brusar like ved.

– Om ikkje anna, har eg vore med på å ta vare på noko her i dalen og i Jotunheimen.

Når stafettpinnen som naturoppsyn blir levert vidare, er ikkje Rigmor bekymra for at keisemda skal bli påtrengande. I tillegg til høgdegarden i Framfjorden i Vik, eig ho ein støyl i Støylsheimen.

– Eg har 17 bygningar totalt. Eg har nok å drive med.

Skjøtselsplanen eg laga på slutten av 1990-talet seier at vi skal ta vare på kulturlandskapet ikring gardsbruka og langs stiane. Det andre skal naturen få styre med.
Bli DNT-medlem

Print er ikke dødt

Reportasjen om Rigmor Solem og Utladalen kan du også lese i Fjell & Vidde utgave 2/2023. Blir DNT-medlem og få magasinet i postkassa.

Bli DNT-medlem
Til DNT.no DNT logo

Du vil kanskje også like disse sakene:

  • Bestyrerinnen

    Bestyrerinnen

    Historien om hvordan SOLBJØRG KVÅLSHAUGEN ble Norges mest kjente hyttebestyrer.

    Les mer
  • Å gi fjellet videre

    Å gi fjellet videre

    Målet vårt var å gå gamle stier om igjen. Men aller mest ville vi nok prøve å gi fjellet videre.

    Les mer
  • Fannaråkhytta

    Fannaråkhytta

    Den mest tåkete DNT-hytta.

    Les mer