Ut av skodda,
gjennom bjørkeskogen og over vierbusker og grønt gras kjem eit menneske i stor fart.
«Jeg drar rett etter frokost. Sees ved 10-tiden», lyder tekstmeldinga frå dagen før.
Og no, i 10-tida, står Abelone Lyng i døra på Vettismorki i grøne, fuktige og frodige Utladalen. Frukosten åt ho på Skogadalsbøen, og ved lunsjtider kjem Abelone til å plante joggeskoa på asfalten på Hjelle i Øvre Årdal.
Ho har slukt så godt som heile Utladalen i løpet av éin formiddag. Abelone høyrer nemleg til ei gruppe som er blitt vanlegare å sjå i fjellet: dei som driv med fastpacking.
Fastpacking let seg ikkje
så godt omsetje til eit norsk ord (sorry), men handlar enkelt sagt om å bevege seg raskt og lett i fjellet over fleire dagar. Turen til Abelone starta ikkje på Skogadalsbøen, men langt lengre aust.
For ei veke sidan tok ho toget frå Oslo til Lillehammer. I OL-byen kjøpte ho ein pizza og sette seg på bussen til Storlondammen. På ryggen bar ho ein ultralett sekk med ultralett innhald. 4,1 kg inkludert 1 liter drikke. Det var ikkje nokon heimestrikka influensar-genser i den sekken, for å seie det slik.
Så trykte Abelone «start» på klokka og sette kursen mot vest og DNT Signatur-ruta OMVEIEN:
Dag 1: Grusveg og kulturlandskap. Sauer. Sti, grus og sti. Forbi Skjellbreidhytta. Myr. Mykje myr. Våte føter. Pizzarestar på Kittilbua. 26,6 kilometer og 580 høgdemeter.
Dag 2: Skog. Smaken av fjell. Meir myr. Forbi Vestfjellhytta. Vått og frodig. Våte føter. Trerettar på Liomseter. 30,5 kilometer og 930 høgdemeter.
Dag 3: Endelaus utsikt. Fantastisk flytsti. Forbi Storkvolvbua. Forbi Storhøliseter. Meir myr. Sliten. Våte føter. Pasta bolognese på Oskampen. 45 kilometer og 1200 høgdemeter.
Dag 4: Frukost på Sikkildalseter. Vaffel på Gjendesheim. Stein og snø. Fjell, mektige fjell. Våte føter. Trerettar på Glitterheim. 51 kilometer og 2700 høgdemeter.
Dag 5: Mykje vind. Dunjakke. Meir stein, meir snø. Forbi Spiterstulen. Inn i vinteren. Våte føter. Trerettar på Leirvassbu. 32,4 kilometer og 1790 høgdemeter.
Dag 6: Vinterstorm ute. Yoga inne. Tørre føter. 0 kilometer og 0 høgdemeter.
Dag 7: Roten snø. Tungt. Forbi Olavsbu. Nedover. Frå vinter til sommar. Våte føter. Trerettar på Skogadalsbøen. 31,7 kilometer og 710 høgdemeter.
Dag 8: Oppover, overraskande mykje oppover. Vått, vått, vått. Hurrungane i horisonten. Nedover. Forbi Vettismorki. Vettisfossen. Våte føter. Hei, Hjelle. 19 kilometer og 670 høgdemeter.
Totalt: 240 kilometer og 8630 høgdemeter.