Tåke er ei synleg samling små vassdropar eller iskrystallar som svever i lufta like over bakken. Eller du kan seie det slik: Tåke er som å vere pakka inn i ei sky. På Fannaråkhytta er det over 300 dagar med tåke i året.
– Sjølv om det er mange dagar med tåke, er det ikkje nødvendigvis tåke heile dagen, seier Ina Charlotte Moe optimistisk.
Ho ser ut vindauget på sitt vesle private krypinn, vegg i vegg med resepsjonen på Fannaråkhytta. Ei utsikt i særklasse – når ikkje tåka er der.
– Du ser Styggedalsryggen på andre sida her, seier ho og peikar.
– Styggedalstindane, Sentraltinden. Storen blir litt bak i der. Nokre gonger kan du sitje her og sjå folk på Styggedalstinden eller Storen.
Moe var styrar på Fannaråkhytta fram til årets sesong. Då leverte ho frå seg den nokså uvanlege stafettpinnen. For sjølv om det er fleire betjente hytter godt utanfor allfarveg, skil hytta på Fannaråken seg ut som Noregs høgstliggande turisthytte, 2068 meter over havet.
Over bre og bratte kneiker kjem gjester frå heile verda og i alle aldrar. Ei lita betening bur her oppe på skift nokre intense veker om gongen, så lenge hytta er open gjennom sommarsesongen. Dei serverer frukost og middag, bakar brød og bollar og ordnar med smått og stort.
På det meste er det gjerne over 100 overnattingsgjester her oppe, sjølv om sengeplassane ikkje tel meir enn 34.