Hopp til hovedinnhold 

Ut på tur

Kråkenes fyr

Den mest stormfulle DNT-hytta.

Storm er vind med styrke mellom kuling og orkan, det vil seie med fart på 20,8 til 32,6 meter per sekund. Fart over dette er orkan. På Kråkenes fyr i Kinn kommune er det registrert om lag 150 orkanar.

Lykta på Kråkenes fyr blei tent første gong i 1906. Sidan har fyret stått støtt i stormane. I dag fungerer bygningsmassane som ei heilt spesiell DNT-hytte, men i perioden 1906–1983 var Kråkenes fyr heimen til fyrmeisterfamiliar.

Helge Johnsen (69) er son av John O. Johnsen, den siste fyrmeisteren på Kråkenes fyr medan det var familiestasjon. Heile oppveksten hadde Helge bølgene og sjøfuglane som næraste nabo. Dei første fem åra på Skongenes fyr, resten av oppveksten på Kråkenes fyr saman med foreldra og to kattar.

 Helge Johnsen på kjøkkenet på Kråkenes fyr, der han vaks opp. Her er det no fyrkafé helgar og raude dagar i perioden frå påske til og med august.

«Min eigen avskil med Kråkenes vart mildt sagt stormfull. Det var i november 1983.

Foreldra mine skulle forlate fyret, og eg hjelpte til med flyttinga. Mor stod for pakkinga, ho var eit praktisk menneske. Far hadde handlag med alt som hadde med snikring og mekanikk og fyrlykta å gjere, men det å pakke ned og avslutte eit langt fyrliv gjekk i ball for han.

Han blei stort sett sitjande og bla i aviser. Så sorterte han nokre skruar i kjellaren, og nokre verktøy – og til slutt ga han opp heile sorteringa og heiv alt i nokre kassar som om det skulle vere ei evakuering.

Ein kompis av meg stilte med varebil og skulle køyre eitt av dei siste lassa. Mor mi og eg vart med, for å setje tinga på plass i huset deira på hi sida av øya. Vi skulle ta drosje ut igjen til fyret, og det var eit himla, helsikes vêr.

Eg sa til sjåføren at han måtte be mor si, som styrte drosjesentralen, ringe faderen og be han låse opp inngangsdøra nede. I alt vindhylet var det var ikkje sikkert han høyrde oss banke på.

Sjåføren ordna så det vart gitt beskjed, sette oss av på plassen utanfor fyret og køyrde sin veg. Men døra var grundig låst. Eg dundra på og ropte. Nei, ikkje svar.

Ho på drosjesentralen var enka etter fars beste barndomskamerat. Praten deira hadde gått om alt mogleg, og då far la på, hadde han heilt gløymt kva ho ringte for.

Mobiltelefonen var ikkje oppfunnen, og drosjen var vekk. Eg visste ikkje anna råd enn å finne ein stige og klatre opp på altanen på framsida av fyrmeisterbustaden.

Mor tviheldt i stigen. Slagregnet piska, det bles sterk storm, og altanen mangla rekkverk. Idet eg vippa meg over kanten og åla meg bortover mot veggen, tenkte eg at det einaste som manglar, er at mitt farvel til Kråkenes blir å blåse i ein boge ned i fjæra og ende mine dagar der.

Forsiktig fekk eg armen opp langs veggen, tok tak i glaskarmen og dundra på glaset. Far sat på divanen rett innanfor, og av alle dei tinga som går an å seie når du ser sonen din på eit usikra tak og med framtoning som ein drukna katt, var hans velkomsthelsing:

«Å, er de komne?»

Han hadde eit roleg lynne, far min.

 I 2019 tok Ytre Nordfjord Turlag over drifta av Kråkenes fyr, der både fyrbygningen og assistenthuset fungerer som DNT-hytte.

Familiefyra var ein del av den norske kystkulturen, og fyra er kystens stavkyrkjer. Lyktene som stod og blinka, kunne bety skilnaden mellom liv og død for dei som segla i alskens vêr langs kysten.

Ein heil masse menneske hadde som arbeid å bringe fram folk og gods. Fyra var ein bit i det å få dette til å fungere, eit lite hjul i det svære maskineriet AS Noreg.

Og så var det folk som passa lyktene, og som budde og levde på desse utpostane.

Eg synest det er veldig flott at fyra blir brukte til slike ting som turisthytter. Det er ikkje noko poeng i at alt skulle stått som eit museum, med romma slik dei var då vi budde her.

Hus utan menneske er døde. No fyller fyrbygningane vår tids behov. Samtidig håpar eg ein også tek med seg ein tanke om kva som var det opphavlege.

Lyktene som stod og blinka, kunne bety skilnaden mellom liv og død for dei som segla i alskens vêr langs kysten.

Ein ting galdt framfor alt anna: Lykta måtte ikkje slokne.

Vi var påpasselege med at vi ikkje gjekk att og fram framfor lykta når det var mørkt, i tilfelle nokon stod og talde blink for å identifisere fyret. Kvart fyr blinka på sin måte.

Dette var før GPS-alderen, og det er eit ruskete område borti her med båar og undervasskjer. Alt måtte fungere, elles kunne dei sjøfarande vere ille ute.

Fyrmeisteren og betjenten tok også vêrobservasjonar kvar tredje time. Temperatur, vindretning, vindstyrke, skylag, skytype, alt skrive ned i ein heilt spesiell kode.

Det meste hadde sin rytme. Ein seier at det var eit trygt og godt liv, men livet var låst til ei blinkande lampe.

Eg høyrer folk som i koronatida snakka om å gå på veggane på heimekontoret. Far min hadde heimekontor i 52 år og blei van med det.

Men etter at far flytta frå fyret, kom han seg ikkje ut av huset. Han blei sitjande med kikert og sjå kva folk i bygda gjorde på. Han var eit svært sosialt menneske, men isolerte seg, for han kom ikkje ut av den rytmen.

Mor mi kjende nok mest på alt som måtte forsakast når ein budde på ein slik plass. Eg merka det spesielt då ho var blitt gamal og flytta inn i ein omsorgsbustad.

Vi skulle møblere leilegheita, og eg tok med to måleri, eitt av Skongenes og eit av Kråkenes.

Ho såg på dei og sa:

«Kva du har med desse her for?»

«Nei, det er fine måleri og det er no ein del av livet ditt», svara eg.

«Eg har sett nok fyr. Ta dei heim igjen».

Eg høyrer folk som i koronatida snakka om å gå på veggane på heimekontoret. Far min hadde heimekontor i 52 år og blei van med det.
 Styreleiar Tor Magne Gangsøy i Ytre Nordfjord Turlag lener seg på den sterke vinden i fjellsida like bak Kråkenes fyr.

Kva eg hugsar best?

Kontrastane og naturkreftene.

Det heilt særeigne orkanbrølet, som du må ha opplevd for å kunne forstå. Vinden vræler, og så senkar han stemma, lågare og lågare, ned til ein strupelyd som seier at «no kjem eg og tar deg». Då snakkar vi dobbelorkan.

Orkanane var skumle, men fascinerande. Då sat vi og følgde med på sjøen, ikkje fordi vi var redde, men fordi då spelte naturen på stortromme.

Det trasige var veke etter veke med heilagt alminneleg dritvêr: stiv sørvest kuling og slagregn, dag ut, dag inn. Ikkje kunne du gjere noko ute. Skulle du gå ein plass, blei du våt. Dette var vêret som sleit på folk.

Men så har du desse sjeldne seinsommarkveldane når det er heilt velsigna blankt og mildt. Du kan tenne stearinlys på tunet, og sjøen ligg berre og småpratar. Du set seg ned på berga, i dette magiske, nordiske sommarlyset.

Og dette er vel eigentleg det sterkaste minnet mitt, ytterpunkta som kan vere her, i eit menneskeliv på ein odde.

Sommarstid kom turistane og sa «Giid, så eksotisk det må være å bo her». Det tok mange år før eg skjøna at Kråkenes fyr kunne opplevast slik. For oss handla dagane for det meste om å innrette livet etter kulingen.

Det eksotiske for meg var å kome inn i fjorden der dei hadde skog.

Eg var på skuletur til Stryn og såg liene ligge skogkledde, og så var det ein plass der dei hadde ein kalkun. Furuskog og ein kalkun. Det tykte eg var eksotisk.»

Det trasige var veke etter veke med heilagt alminneleg dritvêr: stiv sørvest kuling og slagregn, dag ut, dag inn.

Du vil kanskje også like:

  • Fannaråkhytta

    Fannaråkhytta

    Den mest tåkete DNT-hytta.

    Les mer
  • Operasjon Gråtrost

    Operasjon Gråtrost

    Tre sabotørar reiste ei lita bu i Tafjordfjella under krigen. No kan du sjølv gå i deira fotspor.

    Les mer
  • Bestyrerinnen

    Bestyrerinnen

    Historien om hvordan SOLBJØRG KVÅLSHAUGEN ble Norges mest kjente hyttebestyrer.

    Les mer