Hopp til hovedinnhold 

Nordlys-observatoriet i Alta:

Ut på tur

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Minus 17 grader ute. Minus 7 grader inne. Skyene ligg som eit lokk over Alta by, men over dei gløder fullmånen, stadig fleire stjerner og no kjærkomne flammar i omnen.

Ifølge besøksprotokollen har det vore langt mellom besøka sidan frosten greip tak. Å finne nokon som sa seg villige til å vise veg til Nordlysobservatoriet på Haldetoppen (904 moh.) var heller ikkje lett.

Observatoriet blei bygd i 1899 av fysikar Kristian Birkeland (1867–1917) for å forske på det mystiske nordlyset. Heim til 17 personar på det meste. No ei DNT-hytte heilt utanom det vanlege.

– Er det berre sære folk som går hit om vinteren?

– Ja, du ser jo det, svarar vegvisar Kai Roger Olsen med eit smil.

Vi ler, litt unaturleg høgt, usikre på kven han eigentleg siktar til.

 

Kring fem timar har gått sidan Kai Roger stod i ei ubrøyta avkøyrsle og skubba på den elektriske leigebilen vår. Ubrukelege søringar. Det var nok det han tenkte.

Med bilen ute av knipa parkerte vi like ved Kåfjord kyrkje. Frå bagasjerommet drog vi ut heile innhaldet på pakkelista til DNT og meir til. Randoski, skredutstyr, vindsekk og alle obligatoriske lag med kle. Kart, GPS og inReach.

Vegvisar Kai Roger stilte med truger og alt han elles trong, i ei rumpetaske.

– Kor mange gonger har du vore på Nordlysobservatoriet?

– Nei, eg veit ikkje.

– Over hundre?

– Ja.

– To hundre?

– Jaaa.

NORDLYSOBSERVATORIET PÅ HALDETOPPEN

  • Ført opp i 1899 av Kristian Birkeland.
  • Observatoriet var i heilårsdrift frå 1912 til det blei lagt ned i 1926.
  • Ole Andreas Krogness var styrar i tida 1912 til 1918. Hilding Köhler tok over frå 1918 til 1926.
  • Blei brukt som observasjonspost tidleg under den andre verdskrigen. Hausten 1944 sette okkupasjonsmakta bygningane på Haldetoppen i brann. Berre steinmurane stod att.
  • Bygningane blei renoverte i 1980-åra.
  •  I 2017 inngjekk Alta Turlag ein avtale om leige av sjølve observasjonsbygget, også kalla Borgen. Bygningen er i dag ei ubetent DNT-hytte med seks sengeplassar.
 Vinterruta til Nordlysobservatoriet er 11 kilometer lang og går ein mindre skredutsett trasé enn sommarruta. I området finst det bergkunst, spor frå Kåfjord koparverk og mykje krigshistorie.

– Vi er jo veldig spente på om vi får sjå nordlys, seier vi.

Når sant skal seiast, har vi vore uvanleg vel signa med grøne blaff på himmelen også lenger sør i seinare tid, men det er langt frå kvardagskost.

Når naboen legg ut stories med nordlys, spring vi ut. Jau, det er då noko der oppe, er det ikkje? Så tar vi opp iPhonen, og alt blir så mykje klarare.

#nordlys #auroraborealis.

– Eg ser nordlys nesten kvar dag når eg er ute med hunden, fortel Kai Roger.

Søk opp ein vilkårleg stad i Troms eller Finnmark på yr.no. Gjer det no i kveld. Sjå på eit nettkamera i nærleiken. Til dømes den meteorologiske stasjonen Rássegálvárri i Kautokeino. Der fløymer nordlyset, så sant det er klarvêr – nesten garantert. For ein søring er det nærast latterleg å sjå på.

Likevel: Nordlyset er ikkje føreseieleg. Kanskje syner det seg i éin augneblink, men ikkje i neste.

Nordlyset kan renne som ei elv, bølge seg som ei blafrande gardin og flamme som eit bål. Brått kan bålet sprute lange flammar, som om høgare makter heller bensin over himmelen.

Bensin på nordlysbålet – det er draumen.

 Kaffipause utanfor hovudhuset på Halde i 1916. Dei vaksne frå venstre: Dagny Krogness, Karen Lukkassen, Magda Lukkassen, Sanna Pedersen og Dagny Devik. Framme frå venstre: truleg Mary og Borghild Lukassen og Ola Krogness. Foto: Ole Andreas Krogness

Men saa har vi dage med sterk blaa luft og blaahvit farve over fjeldene og fjorden langt derute, mens solen forsøger at gi det sit gyldne skjær, men den er for bleg nu. Og saa har vi stjerneklare nætter eller vi har maaneskin. Først kommer den frem rødgul mod den blaa himmel, men siden blegner den og skinner med sit dødningeansigt utover stillheten. Vakrest er det kanskje naar nordlyset har reserveret sig en aften – da skinner og flimrer lysene i gult, rødt og grønt over himmelen.

Frå Dagny Krogness si dagbok. Ho budde på observatoriet i åra 1912–1918.

Medan nordlyset i dag er ein attraksjon av dimensjonar, som innkasserer millionar av reiselivskroner, har fenomenet opp gjennom historia vore forbunde med mystikk og overtru. Det unike lyset har symbolisert alt frå døde jomfruer til varsel om krig, død og elende.

Samtidig har vitskapsfolk forsøkt å forstå nordlyset på rasjonelt vis. Blant dei har grunnleggaren av Nordlysobservatoriet, Kristian Birkeland, vore sentral.

Hovudteorien til Birkeland var at sola sender ut elektrisk lada partiklar som blir trekte mot jorda sine magnetiske polar. Når partiklane kolliderer med atmosfæregassane, blir energi frigjort i form av lys.

For at ein skulle kunne forstå det myteomspunne lyset betre blei observatoriet på Haldetoppen, og på Talviktoppen like i nærleiken, til. Birkeland overvintra på Halde frå 1899 til 1900.

Når ungane var ute og leika, var det gjerne innanfor eit inngjerda område. Dei brukte hønsenetting og knytte tau rundt livet på ungane, så dei ikkje skulle springe utfor stupet.
– Ann Silje Ingebrigtsen, konservator ved Alta Museum

Frå 1912 og fram til drifta tok slutt i 1926, budde forskarar, assistentar, husmødrer og barn her oppe. Dei levde i sitt heilt særeigne vesle samfunn der jul blei feira, musikk blei spelt og post og varer frakta til og frå. Tre barnefødslar fann stad på den eksponerte fjelltoppen.

– Dei var ikkje så isolerte som ein kan tenke seg, fortel Ann Silje Ingebrigtsen, konservator ved Alta Museum.

Men eit heilt ordinært tilvære var det sjølvsagt ikkje.

– Når ungane var ute og leika, var det gjerne innanfor eit inngjerda område. Dei brukte hønsenetting og knytte tau rundt livet på ungane, så dei ikkje skulle springe utfor stupet.

– Kva er det mest sentrale som står igjen etter tida på Halde?

– Arbeidet på Haldetoppen danna grunnlaget for den moderne nordlysforskinga. Det er mykje som står seg den dag i dag.

Teorien til Birkeland var kontroversiell i samtida, spesielt blant britiske forskarar, som meinte at verdsrommet var eit tomt vakuum.

– Det var først då ein skaut opp satellittar i 1960-åra, at teorien blei fullt ut bekrefta, seier Ingebrigtsen.

– I tillegg har du arbeidet til Ole Andreas Krogness og Olaf Devik. Krogness var den første styraren på Haldetoppen, og det som blei det første faste nordlysobservatoriet i verda. Olaf Devik kom opp nokre år seinare og fekk oppdraget med å utvikle eit system for vêrobservasjonar og vêrvarsling for Nord-Noreg, noko som gjorde Haldetoppen til den første sentrale vêrstasjonen for denne landsdelen. Dette var ein funksjon som var spesielt viktig for fiskarane på havet.

– Det er også viktig å hugse at dei hadde familien sin der oppe. Det er ikkje fortalt like mykje om kvinnene og korleis livet var. Det var ikkje berre forsking og uvêr.

 Roald Amundsen var på besøk på Haldetoppen i tida 1902–03. Her saman med Kristian Birkeland sine assistentar Richard Krekling og Sem Sæland. Amundsen ville at forskarane skulle lage instrument han kunne ha med seg til ferda gjennom Nordvestpassasjen. Foto: Olmar Egenæs/Verdensarvsenter for bergkunst – Alta Museum

Den korteste ruten opp til Haldde var Sivertdalen, og den brukte postmannen når han en eller to ganger pr. uke kom med post. Han var en tettvoksen kar og kom frem i allslags vær, ofte helt nediset. Men den siste uken ekspedisjonen var der, der var i mars 1900, skulle et parti på fem gå på ski og til Haldde. Da løsnet det i Sivertdalen et snøskred som tok med seg både assistenten E. Boye og kaptein Lange ved Kåfjord-verket. Etter den tragedien har all trafikk til Haldde fulgt anleggsveien fra Kåfjord oppover mot Haldde.

Fortalt av Olaf Devik, som arbeidde og budde på Haldetoppen i 1915–1918.


Snille og langsame høgdemeter pregar turen, med unntak av eit par bratte kneiker. Kai Roger er i brøyteposisjon, men utan dei heilt store mengdene snø å brøyte på.

Under oss ligg ein gamal kjerreveg. Den gjer Nordlysobservatoriet til eit godt tilgjengeleg turmål, så lenge bakken er berr. Når fjellet kler seg i kvitt, kan dei brattaste kneikene vere lunefulle.

Den første bratta er forblåst, nesten tømd for snø og utan skredfare. Den andre, like under toppen, veit Kai Roger korleis vi skal kome oss rundt.

– Eg går ei anna rute om vinteren enn om sommaren, fortel han.

– Den tar litt lengre tid, men er tryggare.

Samtidig som vi legg utsikta ned mot Kåfjorden bak oss, stig Haldetoppen opp i horisonten. For eit syn! Som eit Soria Moria i det fjerne med observatoriet på sjølve spissen.

Den alternative vinterruta går over ein lang fjellrygg, akkurat no med såpass lite snø at vi må tråle oss mellom og delvis oppå skarpe steinar. Medan vi tidvis må stoppe for å fylle på med næring, går vegvisaren tilsynelatande aldri tom på tanken.

Toppstøyten er småseig, før dei frosne bygningane endeleg kjem til syne under fullmånen og ein klokkeklar himmel.

Absurd. Spektakulært.

 Det første faste nordlysobservatoriet i verda blei bygd på Haldetoppen i 1899. I dag er Borgen øvst på toppen ei ubetent DNT-hytte.

Sjølv om det er mørketid, har vi hatt godt med dagslys, men no kjem mørket fort.

Vi takkar Kai Roger for stødig guiding og ser at han og hovudlykta forsvinn i terrenget under oss.

Att står vi i eit slags parallelt univers. Over skyene og alt og alle.

Samtidig som gradene sakte kryp oppover innandørs, speidar vi med jamne mellomrom ut vindauget og forbi dei tjukke steinmurane.

Er det nordlys no? No? NO!

Ei grøn elv over himmelen. Vi sender eit bilde til kollegaer som framleis er på jobb i den lysforureina hovudstaden.

Og denne gongen lyg ikkje bildet.

TUREN TIL NORDLYSOBSERVATORIET

  • Ein gamal kjerreveg går frå avkøyrsla frå E6 før Kåfjordbrua, ca. 400 meter nord for Kåfjord kyrkje i Alta kommune. Turen er 9 km lang og tar ca. 3 timar i normalt tempo på sommaren.
  • Vinterstid kan ein gå same veg eller følge ei mindre ras-utsett rute. Rekn ca. 5 timar på sistnemnde. Ver uansett obs på rasfare og ta naudsynte omsyn. Både sommar- og vinterruta er skildra på UT.no.
 Nordlyset oppstår oftast i eit belte rundt den magnetiske nordpolen. Rundt den sørlege polen finst det eit tilsvarande sørlys.
Bli DNT-medlem

Print er ikkje dødt

Reportasjen frå Nordlysobservatoriet kan du lese på papir i Fjell & Vidde utgåve 1/2026. Bli DNT-medlem og få magasinet i postkassa.

Bli DNT-medlem
Til DNT.no DNT logo

Du vil kanskje også like disse sakene:

  • Triangelrangel

    Triangelrangel

    Hytte til hytte på Hinnøya.

    Les mer
  • Mor Fjord

    Mor Fjord

    Hjørundfjorden rundt vart den vakraste omvegen i livet mitt.

    Les mer
  • Heilt på vidda

    Heilt på vidda

    Det finst noko der ute. 

    Les mer