Hopp til hovedinnhold 

Ut på tur

10 ting eg lærte av å vera på tur med Falk (1) kvar dag i eit halvt år

Eg tar beremeisen ut av bilen, plasserer Falk (1) varsamt oppi, løfter han opp på ryggen og slepper bikkja ut av bagasjerommet. Eg skjønar straks at turvalet var ein tabbe. 

Éin meter frå grinda står ein flokk med nysgjerrige kviger. «Ai, kva skal me gjera no?», tenkjer eg, og veit at å ta polarhunden inn til kua ikkje er lurt.

Ja ja, då får me gå langs vegen. Me legg i veg oppover på ein kjedeleg grusveg med tett granskog på begge sider. Eg klaskar ein feit klegg på høgre arm. 

«Oi, håper ikkje den klarer å bita Falk gjennom den tynne ulltrøya?»

Foreldrerolla trefte meg hardt. All verdas problem blei med eitt mine. Over natta blei framtida til kloden reint personleg. Det er jo mitt barn som skal leva der! Eg har lese, tenkt og gledd meg til å bli far lenge. Likevel blei eg overraska over korleis eg reagerte. Det største i livet. På alle måtar.

Eg går fort oppover den bratte motbakken med ein stadig meir knirkete unge 20 cm frå øyra mitt. 

Eg speidar intenst etter ein pauseplass. 

«Gje meg berre ei opning i den tette skogen. Ein stubbe, noko å sitja på», tenkjer eg. Sveitten renn på ryggen. To svarte fluger summar. 

Men nei, det er heilt umogleg å trenga gjennom dei Mikado-tette greinene i den mørke planteskogen.

Men så går granskogen over til tett einerkratt i staden. Eg ser ei moglegheit, ein passe stor stein i ei lita glenne. Einerbuskane stikk dei nakne leggane mine på veg mot steinen. 

«Uæææææææh!»

Eittåringen hylskrik. Eg klarte å dunka han midt i planeten då eg bøygde meg under ei diger furugrein.

Eg bannar lågt, tjorar hunden og fryktar det verste mens eg slepp beremeisen sakte ned på bakken. «Har han fått eit kutt i auga?»

Heldigvis ikkje. Eg tar han på fanget, seier unnskyld ein haug med gonger og held den hulkande guten inntil meg. 

Eg finn fram nistepakka.

To minutt seinare sit eittåringen med eit lysande smil på fanget mitt og gomlar i seg graut frå mat-termosen.

Slik var dagane våre i eit halvt år. Vekke frå resten av verda, men samstundes til stades i livet med stor L. Treigt, men travelt. Opp- og nedturar. Ein gut som snart er eitt. Og ein far (35) som aldri har vakse meir. Dette sit eg igjen med: 

1. 

Eg er vegvisar, men Falk viser meg noko endå viktigare. Eg bestemmer kor turen skal gå, pakkar sekken. Planlegg mat, held kontroll på klokka og neste lur. Falk på si side er slåande nøgd med den fine pinnen han fann i blåbærlyngen rett ved parkeringsplassen.

2.

Eittåringen sine djupe dalar og høge toppar blir også mine. Finst det noko finare enn din eigen unge som gliser mot deg med to små tenner som ser ut som riskorn? Og finst det noko som skjer meir i marg og bein enn ein utrøysteleg unge som grin? Ikkje for meg i alle fall. Eg kan prøva så mykje eg vil på ikkje å la ungane sine kjensler smitta, men det er like vanskeleg kvar gong. 

3.

Me må ikkje samanlikna oss med andre. Bubilferie i Lofoten før dei er tre månadar, 12 teltnetter innan det første året er omme, lange skiturar mens ungen søv i pulk og hytte til hytte med beremeis. Samanhengande søvn. Rein utopi for oss. Beremeistur i hagen kl. 05.30 er også friluftsliv.

4.

Eg må vera til stades i augeblikket. Eg liker å ha kontroll og planleggja. Helst skulle eg visst at sonen min får ei trygg framtid dei neste åtti åra, men det kan eg ikkje vita. Nyheitssaker treffer meg midt i magen. Eg kan hamna i eit tankekøyr som nesten set meg heilt ut. Då er kontrasten slåande til den vesle guten som frydar seg over ein stein i ein pytt, utan ein tanke for anna enn her og no.

5.

Tid er relativt. Når det er eit par hundre meter igjen av turen, ungen er holsvolten, trøytt og utolmodig, er 10 minutt ei heil æve. Men ein pappaperm på eit halvt år er over på eit blunk.

6.

Tak over hovudet er lurt. Daglege turar på Vestlandet gir deg heile spekteret av vêr. No veit me kor alle dagsturhyttene, gapahukane og hellerane er i bygda. 

7.

Ta på naturen – ta han inn. Kor ofte sit eg eigentleg ein halvtime på ei strand og kastar stein? Kjenner på dei kvite rillene på eit tomt hjarteskjel, dei mjuke linjene til ein blankpolert stein eller det kalde vatnet som treffer fingrane?

8.

Nok mat, alltid. Det gjeld også far. Spesielt far. 

9.

Friluftslivet blir aldri det same igjen. Eg skjønte at det ikkje ville bli så mange trevekers fjellturar dei første åra. Sjølv når den tida kjem at ungane heller vil fyka på eiga hand enn å vera med på tur, kan eg ikkje reisa langt av stad utan at tankane kjem til å vera hjå dei.

10.

Låge forventningar er nøkkelen. Ein eittåring bryr seg ikkje om me går 10 meter eller 10 km. Dei beste turane fekk me når eg greidde å styra mine eigne ambisjonar. 

Bli DNT-medlem

Print er ikkje dødt

Saka om friluftsliv og pappapermisjon kan du óg lese i Fjell & Vidde utgåve 4/2025. Bli DNT-medlem og få magasinet i postkassa.

Bli DNT-medlem
Til DNT.no DNT logo

Du vil kanskje også like desse sakene:

  • Å gi fjellet videre

    Å gi fjellet videre

    Målet vårt var å gå gamle stier om igjen. Men aller mest ville vi nok prøve å gi fjellet videre.

    Les mer
  • Det første vintereventyret

    Det første vintereventyret

    Hva vi lærte da barna var små og ekspedisjonene ekstremt korte.

    Les mer
  • Rando for junior

    Rando for junior

    Store skiopplevelser med små barn.

    Les mer