Hopp til hovedinnhold 

Ut på tur

Stjerneklart

Hald varmen gjennom vinternatta.

Det er litt galskap, er det ikkje? Å sove i telt når du kan sove i hus – på kaldaste vinteren?

Eller er det akkurat det ein bør gjere når timeplanen gispar etter luft og verda kjennes uroleg?

Dei seks som sit i peisestova på Geiterygghytta i Skarvheimen har landa på det siste.

Ein ung mann frå Ukraina, ein far og ei dotter, to venninner og småbarnsmødre, og ei enke.

Utanfor er snøen knapp og forblåst. Inne finst trerettars middag, skjenkeløyve og fyr i peisen.

Det er ein mjuk start på kurset i vinterovernatting.

 Kursleiar Kjell Bratteli Jonsson demonstrerer korleis teltet skal setjast opp.

– Eg ynskjer å lære og sove i telt på vinteren på ein trygg måte, slik at eg kan ta med gutane mine, fortel Therese Simpson Johansen.

– Eg elskar å sove ute, men har ikkje gjort det på vinteren, seier venninna Linn Hoel Ringvoll.

Dennis Skokov, opprinneleg frå Ukrania, men busett i Nederland, har sove ute med guide, men ynskjer å vere kompetent nok til å gjere det på eiga hand.

– Det kjennes som at om noko går gale, så kan det verkeleg gå gale, seier han.

– Eg elskar utfordringar, fortel Vigdis Håland. Eg har aldri sove i telt på vinteren før og ynskjer å lære noko nytt.

– Sist eg sov ute var i speidaren, ein gong på 70- talet. Eg ynskjer å lære om nytt utstyr og tryggleik. Og så er det alltid betre å få nokon andre til å fortelje dottera di kva ho skal gjere, seier Sven Olav Gahre og ler, før han ser på Emma Gahre ved sidan av seg.

– Eg likar å trene og vere ute, men har aldri sove ute på vinteren, fortel Emma.

 Pulken kan vere utfordrande å handtere på bratt og hardt underlag. Dennis Skokov kjem seg likevel heilskinna ned.
 Emma Gahre fyller på med varm drikke medan vinden herjar i Skarvheimen.

Desse menneska som denne kvelden møtast for første gong, viser seg å ha meir til felles enn målet om å sove ute ei vinternatt:

– Eg er advokat i UD, seier Therese.

– Eg er advokat og jobbar med crowdfunding. Eg kjenner Therese frå jussen, seier Linn.

– Eg jobbar i bank. Har du mykje pengar, kan eg hjelpe deg med å ta godt vare på dei, fortel Vigdis.

– Eg studerer juss i Oslo, seier Emma.

– No kjem dykk til å le, seier Sven Olav, for eg er også advokat, innan forsikring.

Medan gruppa står fjellstøtt innan juss og finans, er det kurshaldarane Kjell Bratteli Jonsson og Sondre Spone som skal øse generøst av sin friluftskompetanse.

Morgonen etter står pulkar sirleg lina opp langs hytteveggen. Kjell fordeler spader og brennarar og bensinflasker og det eine med det andre, ut frå velorganiserte, blå IKEA-posar.

– Har du fått snøbørste? spør han dei noko mindre organiserte kursdeltakarane, som vimsar hit og dit.

Hamnar ein vott på bakken, og det kjem eit vindkast, er den 200 meter av garde på eit blunk. Struktur og disiplin er viktig fordi naturen stiller krav, du kan ikkje forhandle med naturen.
– Kjell Bratteli Jonsson, kurshaldar

Til slutt står alle klare til å legge kursen ut i vinteren og inn i Skarvheimen. Ei natt i telt. Lenge nok til å smake på vinternatta, men kort nok til å halde ut om trivselen ikkje er heilt på topp.

– Det folk er aller mest bekymra for, er å fryse, fortel Kjell Bratteli Jonsson.

For å unngå dette krevjast ein del av utstyret, men også deg sjølv. Om sommaren kan du ofte improvisere deg fram til komfort – og ut av kjipe situasjonar. På vinteren trengs eit meir skjerpa blikk. The devil is in the details.

– Det er dei små tinga som er viktige for å skape ein god tur med meistring. Eg seier for eksempel på kurs, at har du opna lomma, må du lukke den igjen med ein gong. Hamnar ein vott på bakken, og det kjem eit vindkast, er den 200 meter av garde på eit blunk. Struktur og disiplin er viktig fordi naturen stiller krav, du kan ikkje forhandle med naturen, fortel Kjell.

– Prøving og feiling er ein kjempefin måte å lære ting på, men ikkje i vinterfjellet, for konsekvensen kan vere fatal.

Derfor anbefaler han at om du vil meistre vinterfriluftslivet, er det fint å starte i det små.

– Vinterfriluftsliv stiller krav til kunnskap, ferdigheiter og utstyr. Du kan ikkje reise ut i vinterstorm med 200-kroners telt. Start der du er komfortabel, start i skogen, der går det fint med eit tresesongs-telt. Kanskje finn du ut at soveposen ikkje var varm nok, men blir ting kjipt, kan du gå ein time og du er heime. Ta det gradvis og gjer deg erfaringar. Etter kvart kan du bevege deg opp i fjellet ei natt eller to. Og ta gjerne eit kurs, kor du kan utfordre deg i trygge rammer.

 Teltleiren står eksponert for vêr og vind, slik at kursdeltakarane skal få kjenne litt på kreftene som ofte regjerer i vinterfjellet.

Jonsson har 17 år i Forsvaret bak seg, men er ikkje den stereotypiske typen du kanskje ser føre deg. I 2017 gjekk han ei ny retning og starta firmaet Fjellboms.

– Det å jobbe i Forsvaret er ikkje berre ein jobb, men ein livsstil. Plutseleg er du borte eit halvt år, det er mykje helgejobbing og 12–14 timars arbeidsdagar. Livet er slik sett ikkje så veldig annleis med eige firma, men eg får styrt ting sjølv og får tid til familie. Det er den fridomsbiten, som óg ligg i namnet Fjellboms, å ikkje vere bunden opp, fridomen til å vere i fjellet og gjere dei tinga ein vil. Eg tente godt med pengar, men ein blir jo ikkje lukkeleg av det. Eg vil heller prioritere det å vere i naturen og dei ein er glad i.

Med seg frå Forsvaret har han likevel ei solid erfaring han kan omsetje til det sivile liv, som eit slikt vinterkurs. Han held også flust av andre kurs i både privat og DNT-regi.

– I Forsvaret blir du satt i veldig spesielle situasjonar, veldig tett på folk i lang tid. Det skaper ei forståing av kvifor folk har dei behova dei har, seier han.

– Eg er oppteken av at folk skal få utfordringar, men at det skal vere utfordringar som dei får meistring på. Eg likar å gje folk ansvar. For eksempel det å bruke ein brennar, vi brukar bensin, ting kan ta fyr, og du har fare for kullosforgiftning. «Vi skal vel ikkje gjere dette inne i teltet?!» spør folk. Eg prøvar å gje folk den grunninformasjonen dei treng, og så må dei få prøve sjølv.

Om du synast at vinterovernatting høyres ut som slitsame og krevjande greier, så har du nok litt rett i det, men det er gjerne her at noko av gleda òg finst, trur Jonsson.

– I og med at det er meir krevjande, er det ofte meir meistring. Eg har hatt kurs med 25 sekundmeter vind, og det har røska i teltet, men så har det gått heilt fint, fordi folk har gjort det dei skal gjere.

Kjell løftar fram eit anna poeng:

– Naturen stiller krav, men den forskjellsbehandlar ingen. Du pleaser ikkje først og fremst instruktøren, men naturen og deg sjølv. Naturen er ein slags nøytral part.

HALD VARMEN

  • Bruk to lag med liggeunderlag, for eksempel eitt kompakt skumunderlag og eitt oppblåsbart. 
  • Sørg for at soveposen har ein komforttemperatur som passar forholda. Bruk evt. ein lakenpose i tillegg for å heve komforttemperaturen. Snurp igjen soveposen rundt halsen. For ekstra varme kan du legge dunjakka oppå posen.
  • Sov gjerne med ullundertøy og lue, men ikkje skallbekledning.
  • Isolerte sokkar (dunsokkar/bivuakksko) kan anbefalast for ekstra varme på føtene.
  • Fyll drikkeflaska med varmt vatn (om den toler det) og legg i soveposen. Flaska kan òg fungere som sokketørkar, ved å tre sokken på.
  • Legg deg varm og mett. Ta for eksempel en løpetur rundt teltet før du legg deg, om du er kald.
  • Gå på do før du legg deg. Skulle du vakne på natta av at du må, få det gjort. Er det ordentleg ruskevêr, kan du til nød gå på do i forteltet.
  • Vil du lære meir om å sove ute i telt på vinteren, finn eit kurs som passar for deg i DNT sin kurskalendar på dnt.no. 
 Nokre ekstra gram i pulken sørger for koseleg stemning i teltet til Therese Simpson Johansen og Linn Hoel Ringvoll.
 Sondre Spone viser Vigdis Håland og Dennis Skokov korleis ein brukar brennar trygt i forteltet.

Kring halvvegs i vinterløypa som fører til Finse, slår gruppa leir, på Kyrkjedørsvatni like i nærleiken av den tronge passasjen gjennom Kyrkjedøri.

Plasseringa er ikkje tilfeldig, vinden bles friskt, og her gjeld same beskjed som for barn i barneskulen: Hald styr på tinga dine.

Under ein særdeles vakker stjernehimmel summar til slutt brennarar i alle telt, og på flammen er det luksus å spore i form av medbrakt gryte frå Geiterygghytta.

Rundt teltleiren kan ein skimte nokon i rask gange. Det er Vigdis som prøver å etterleve rådet om å legge seg varm. Ein sovepose held deg nemleg ikkje varm, utan at du sjølv har varme å fylle den med.

Tilbake på Geiterygghytta dagen etter kan Vigdis fortelje at ho likevel gløymde eit anna kriterium for å ikkje fryse gjennom natta.

– Eg gjekk på do, eg gjekk ein tur, men eg gløymde å ete. Natta var likevel betre enn venta, men føtene blei litt kalde. Men eg fekk kaffi på senga av Dennis på morgonen, så det hjelpte, fortel ho.

– Eg kunne absolutt tenke meg å gjere dette igjen, fortel Dennis, men gjerne fleire dagar på rad. Det er noko med å kome inn i rutinane og vere borte frå sivilisasjonen over tid.

Therese og Linn kjenner seg overtydde om at dei vil prøve igjen, men kanskje under litt andre høve.

– Ein stad kor vi kan brenne bål og ha med mat ferdig på termos, meir nærtur. Det er jo deilig å sove ute når det er kaldt, eg synast det, seier Linn.

Venninna Therese fortel at sommaren framleis står høgst i kurs, at ho elskar å sove ute i hengekøye. Men sjølv i varmen frå peisestova i Geiterygghytta, konkluderer ho:

– Eg saknar teltet litt no, eg kunne tatt ei natt til. Det var så fint å krype inn i soveposen under stjernehimmelen.

Ein sovepose held deg nemleg ikkje varm, utan at du sjølv har varme å fylle den med.
Bli DNT-medlem

Print er ikkje dødt

Saka om vinterovernatting i telt kan du lese i Fjell & Vidde utgåve 1/2023. Bli DNT-medlem og få magasinet i postkassa. 

Bli DNT-medlem
Til DNT.no DNT logo

Du vil kanskje også like desse sakene: