Hopp til hovedinnhold 

Friluftsfolk

Jusprofessor ANINE KIERULF set naturen høgt, men likskap for lova endå høgare.

– Eg lurte på om eg skulle bli forstmeister i staden for jurist.

– Bli kva, sa du?

– Altså, ein sånn som passar på skogen.

Anine Kierulf serverer eplemost i ein handlaga trekopp. Ein fallen trestamme, klam og perforert av små, små hol, laga av endå mindre vesen, fungerer som benk.

Berre meter frå oss, mellom asfalt og betong, er lufta varm og påtrengande. Her inne i Gaustadskogen i Oslo skjermar høgreiste lauvtre med sine svale hender.

– Anten forstmeister eller teaterhøgskulen, for eg syntest det var så gøy med revy og sånt. Så det var jo litt breidde i feltet der, fortset Anine.

– Som jurist kan eg vere masse i naturen og gå på jakt og gjere alle gøy ting i tillegg. Og elles gå i retten og spele skodespel kvar dag, så det var betre å ha dei to andre tinga som hobby, tenkte eg.

Anine Kierulf er likevel ikkje mest kjend for å skape drama i rettssalen, men for å formidle krunglete juss på ein forståeleg måte. Med ytringsfridom og menneskerettar som hovudfelt er den språksikre juristen og professoren ofte å finne i statskanalen og riksaviser, men òg på smalare plattformer som opererer meir i sideløpa til medie-elva.

Ofte kjem Anine på bana, som ho sjølv seier, for å «legge ei sval hand på ei oppheta og kjensleprega panne».

– For ikkje meir enn ti–femten år sidan var nesten ingen opptatt av ytringsfridom. Det var litt oppblomstring akkurat under karikaturstriden. Og så har det fått ei veldig dreiing fordi sosiale medium og internett plutseleg har gjort at ytringar kjem mykje tettare på, heile tida.

Om du vil fortelje noko til verda, kan du her og no skrive eit oppfarande og kjensleladd innlegg på til dømes Facebook, X eller Hudd, lage din eigen podkast eller gå live på YouTube.

Luktar algoritmane blod, sveitte eller tårer, vil dei ofte sørge for at publikummet ditt blir større, og at kommentarfeltet mest truleg blir ein offentleg debatt lite verdig.

Eller: Salen din er like tom som ei kyrkje på ein vanleg søndag.

– Kva tenker du når folk hevdar dei blir knebla?

– Nei, det er ei utbreidd misforståing at ytringsfridomen vernar retten til å bli høyrd. Du er ikkje knebla om nokon seier imot deg. Meiningsmotstandarane brukar sin ytringsfridom til å seie det dei meiner.

Ytringsfridom er til for at det skal vere mogleg å drive meiningsbryting, seier Anine, men reell meiningsbryting krev at alle ikkje berre pratar sjølv, men at nokon er oppriktig interessert i å lytte.

– Når høyrde du sist ein politisk debatt der nokon sa: «Det har eg ikkje tenkt på. No trur eg at eg lærte noko nytt.» Det er veldig sjeldan, synest eg.

Anine Kierulf

  • Fødd: 1974
  • Familie: gift med Rune Slagstad, saman har dei sonen Richard
  • Yrke og bakgrunn: jusprofessor ved Universitetet i Oslo og spesialrådgjevar ved Noregs institusjon for menneskerettar (NIM). Nestleiar i styret til Fritt Ord. Har tidlegare vore senioradvokat i advokatfirmaet Schjødt, dommarfullmektig ved Ringerike tingrett, rådgjevar i ytringfridomsspørsmål for Europarådet og konstituert dommar i Borgarting lagmannsrett. Fekk Forskingsrådets formidlingspris i 2015.
  • Favoritt DNT-hytte: Leirvassbu
  • Beste turminne: Då eg ikkje lenger hang opp ned i eit tau ned frå Styggedalsryggen mot Maradalsbreen.
  • Mest dramatiske turminne: Då eg blei jaga av moskus på Dovre med ein samojed slengd over skuldra (nei, eg oppsøkte ikkje moskusen med vilje).  
 Anine, kanskje fem år, får eit rim før start i påskerenn i Linndalen. Ein måtte hugse rimet når ein kom i mål.
 Anine og sonen Richard på Blåfjellet (1716 moh.), eit fjell alle tre i familien rundar kvar sommar, når dei er på hytta.

Når vi møter Anine, kjem ho verken frå eit radiostudio, ein rettssal eller kontoret på Blindern. Ho er i ein slags akklimatiseringsfase. Frå fjell til lågland. Frå kvilepuls til bypuls. Frå ferie til kvardag.

Denne sommaren har ho, som alle andre somrar i hennar 52 år lange liv, opphalde seg på ei hytte i Sunndalen. Fem veker i strekk utan dekning, straum og innlagt vatn.

Ho viser ein filmsnutt på mobilen som osar av idyll, og nyttar samtidig høvet til å selje inn DNT-hyttene Gammelsetra og Dindalshytta i same område.

– Kva består kvardagen av der oppe?

– Kaffi på senga, eller kaffi på steinbordet, alt etter temperaturen. Ta eit bad eller fyre, alt etter temperaturen. Rydde skog, reparere eller halde på med eit eller anna praktisk. Gå tur i fjellet, fortel Anine.

Hytta er eit arvestykke som blei bygd av foreldra til Anine i 1960-åra. I tida før leigde morfaren ei hytte i same dal.

– Mor mi på åttisju har vore der kvar sommar fram til i fjor. Då blei ho så sliten at ho nesten ikkje orka utmarsjen, så då tok sonen min og henta ei trillebår og trilla henne. Og så døydde mor i vinter. Bakpå gravferdsprogrammet var det eit bilde av henne i trillebåra.

Det enkle hyttelivet gjer at Anine får ei nyvunnen takksemd for vatn i springen, vassklosett og vaskemaskin.

– Men det har den nedsida at det er krevjande å kome tilbake til kvardagen igjen.

– Ja?

– Både det å omstille tempoet, at hjernen må vere skrudd på heile tida, men òg at ein del blir litt meiningslaust, på ein måte. Altså, eg kjenner at eg har ein utruleg privilegert og meiningsfylt jobb, men verda fortset. Kyrkjegarden er full av uvurderlege menneske. Du merkar veldig godt at du er fullstendig utskiftbar. Og det er eigentleg veldig fint, synest eg.

– Men blir det slik at du startar å tenke på veldig store spørsmål?

– Eksistensielle spørsmål?

– Ja?

– Eg veit ikkje. Eg brukte mykje tid på det i ungdomen. Eg trur eg relativt tidleg bestemte meg for at meininga med livet er å prøve å fylle livet med meining.

– Var det noko som gjorde at du tenkte mykje på det då du var yngre?

– Mor og far skilde seg då eg var ti år. Og så tok storebroren min, som var åtte år eldre enn meg og super friluftsmann og veldig forbilde, livet av seg då eg var tolv. Det blei nok litt kickstart på eksistensielle tankar, som eg for så vidt trur eg i nokon grad ville hatt uansett. Men dei fekk jo ein veldig akselerasjon og blei prekære på ein heilt annan måte.

– Kva grubla du på?

– Nei, det var jo om det eigentleg var nokon vits i å leve, då. Men eg kjende at høvet til fritt val der liksom var brukt opp som barn av foreldra mine, fortel Anine.

– Natur har alltid hjelpt. Det er ikkje alltid du finn svar når du ropar i skogen, heller, som kjent, men ...

– Du får ein pause, kanskje?

– Ja, ein liten timeout, seier ho, og siterer Henrik Ibsen: «Her oppe på vidden er frihed og Gud, der nede famler de andre.»

Kyrkjegarden er full av uvurderlege menneske. Du merkar veldig godt at du er fullstendig utskiftbar. Og det er eigentleg veldig fint, synest eg.
 Anine fortel rådyret at det kan gå trygt. Ho jaktar først og fremst på elg og hjort.

Med fleire slektsledd bakover på både fars- og morsida, som alle har røter i Oslo, er Anine ein ekte osloensar. Ho vaks opp på Heggeli på Oslo vest, eit meklarsteinkast frå skogen vi no sit i.

Den urbane oppveksten var likevel full av natur. Alle somrane på hytta, turar i marka og hytte til hytte i Jotunheimen kvar påske med venninner.

Anine var 10 år då ho fekk masa seg til å vere med mor si på elgjakt. Premissen var klokkeklar: Den elles prateglade jenta måtte vere dønn stille.

– Mor var eigentleg veldig pedagogisk og rimeleg, men då var ho ganske streng og sa at dette er den sjansen du får.

Elgen kom, Anine var stille og mor skaut.

– Det var ei heilt eksistensiell oppleving, vil eg seie. Både det å vere ute i naturen og ligge og fryse og berre vere merksam på alle lydar og alt som skjedde rundt deg. Og så det svære, varme, flotte dyret som plutseleg låg der. Det var veldig flott og rart og overveldande.

Sidan har jakt på hjort og elg vore eit fast innslag kvar haust.

– Det er litt tilbake til naturen, på eit vis. Og fordi vi har begynt å tukle med naturen og rovdyr og alt mogleg rart, så må den bestanden forvaltast på ein eller annan måte. Det skal gjerast med stort samvit og så humant som mogleg. Det kjennest som eit ansvar å gjere det ordentleg når ein først er med på det.

 Ein våt elgkalv frå Eiker og den flinke elghunden, som losa Anine til den.
 Den siste sommaren til mormor: Då ho blei for sliten til å gå til bilen, visste Richard råd.

I tretoppane rundt oss hoppar og svinsar ein buskete hale. Anine lokkar på ekornet med smattelydar. Brått står trebjørnen på stammen like over hovudet hennar med nysgjerrig blikk.

– Er du ein ekornkviskrar?

– Elggryntar og ekornkviskrar, seier ho og ler. Likevel var det altså ikkje naturen som blei Anine sin arbeidsplass.

– Starta du på jussen fordi du var oppteken av ... 

– Rettferd, avbryt Anine og fullfører det smått føreseielege spørsmålet.

– Ja?

– På ingen måte, svarar ho kontant, før ho nyanserer:

– Eller, ikkje på den måten at dei svake menneska må få hjelp og bli løfta fram. Men at prosessar skal vere rimelege og rettferdige, det har eg alltid likt.

Når Anine engasjerer seg i noko jussfagleg, er ho som regel mindre opptatt av sak og meir av nettopp prosess, prinsipp og system. Til dømes i Fosen-saka, då Høgsterett slo fast at konsesjonane for vindkraftverka på Roan og Storheia var ugyldige, og at utbygginga krenkte reindriftssamane sin rett til kulturutøving og var eit brot på menneskerettane. Fem hundre dagar etter dommen var saka framleis uavklart, og demonstrasjonar braut ut.

– Når Høgsterett først har sagt A, så må politikarane gjere noko, dei kan ikkje sitte i fem hundre dagar og vente. Det går ikkje. Då kan vi berre droppe å ha grunnlov og rettsstat.

– Kven skal sørge for at regjeringa gjer noko?

– Det er jo det gamle spørsmålet om kven som skal vakte vaktarane, og det er uløyseleg. Men ulike land gjer det på ulike måtar. I Noreg har vi den rettslege situasjonen at om politikarane meiner at grunnlova seier A, og domstolane meiner at ho seier B, så er det domstolane som har siste ord. Men ikkje meir enn at politikarane kan endre grunnlova etterpå, om dei vil.

– Og når politikarane er passive?

– Alle dei fine ideala og alt det gode ein tenkte om rettsstaten, det fell jo då som eit korthus, fordi det viser seg at lover og reglar er ikkje verde noko meir enn det samfunnet dei til kvar tid fungerer i.

Når Høgsterett først har sagt A, så må politikarane gjere noko, dei kan ikkje sitte i fem hundre dagar og vente.
 Anine er kjend for si gode formidlingsevne og sikre språkføring. – Eg har alltid vore glad i språk og formuleringar. Eg likte å skrive stilar og dikt og rim og tullball, fortel ho.

I skrivande stund behandlar Høgsterett det såkalla nye klimasøksmålet, der Greenpeace og Natur og Ungdom har saksøkt den norske staten for å tillate utbygging av tre nye oljefelt, utan å gjere greie for konsekvensane av klimagass utsleppa frå felta.

Ei anna heit sak dreier seg om dumping av gruveavfall i Førdefjorden. Den øvste domstolen i landet konkluderte tidleg i sommar med at staten sitt løyve til dumping er ugyldig. Kva konsekvensane av dommen faktisk skal bli, herskar det usemje om.

– Akkurat det problemet er nok ikkje så lett å kome vekk frå. Det har litt med prosessen å gjere og kven som har vore partar i saka. Men det kan eg seie: Jo vanskelegare verda blir, dess betre har juristane det, fordi vi kan alltid krungle til dette her og stille masse nye spørsmål, seier Anine.

– Det som er synd, er om det etterlatne inntrykket blir at politikarane drit i den jussen dei sjølve har vedtatt på veg til desse løyva, og ikkje følger opp domstolsavgjersler som seier at dei skulle gjort noko annleis.

Generelt kunne den friluftsglade juristen gjerne ynskje seg noko ærlegare kommunikasjon frå dei som styrer landet.

– Det er problematisk når du får den kjensla av at politikarane er opptatt av klimaet, men eigentleg har lyst til å fortsette å gje leiteløyve på olje, og så vidare. Då får dei heller seie: «Nei, klimakrisa er noko drit, du, men ho kan ikkje løysast frå Noreg, og vi har den reinaste olja av alle, og den har vi tenkt å fortsette å ta opp.»

I samband med klima- og natursaker har ein både i Noreg og utlandet sett fleire typar sivil ulydnad. Under demonstrasjonane i Fosen-saka tok aksjonistane seg inn i Energidepartementet og stengde inngangen til fleire andre departement.

Då demonstrantane ikkje følgde politiet sitt påbod om å fjerne seg, blei aktivistane borne ut, sette i arresten og gjevne bøter på 6000 kroner kvar. I Høgsterett fekk dei medhald i at dei ikkje kunne bli straffa.

– Noko av det som har vore aller mest prøvd i Høgsterett dei siste ti åra, er i kor stor grad staten kan gripe inn overfor sivil ulydnad, og om eg skal summere opp, er det at han må tole ganske så mykje frå fredelege demonstrantar.

Då dommen kom, uttalte Anine Kierulf til NRK at ho ikkje var overraska over utfallet, men over at eit prinsipielt spørsmål ikkje blei handsama: Hadde årsaka til demonstrasjonane noko å seie for dommen?

– Ho skal jo ikkje ha det, men det er tendensar til at den typen synspunkt blir trekte inn i nokre av dommane om sivil ulydnad. Ikkje høgsterettsdommen, men i nokre av underrettsdommane. Det tenker eg er ein ganske ugrei veg å gå, for det kan ikkje vere slik at nokre typar bodskap skal gje rett til meir ulovlege handlingar enn andre. Fru Justitia har bind for auga, ikkje sant? Ho skal vere blind, så alle skal bli behandla likt.

Anine teiknar eit hypotetisk scenario.

– Det er ikkje sikkert ein ville behandla for eksempel SIAN med åtti sympatisørar, som lenka seg fast framfor UDI og brende koranar ein månads tid, på same måte.

 – Har du ei sak du sjølv kunne tatt til gatene for?

– Eg brukar meir tid på å forsvare folk sin rett til å demonstrere enn til å demonstrere sjølv, men eg gjekk i eit tog saman med fine ungdommar for å protestere mot Oslo kommune sitt forsøk på å legge ned Natur videregående skole.

 Når Anine er i Oslomarka, startar eller endar ofte turane her i Gaustadskogen. Men aller best likar ho seg lenger nord i marka.

Vår vesle ekornven gjer seg jamleg til kjenne i kulissane. På trestammen like ved kryp ein spettmeis, målretta med sin utstrekte hals og bandittliknande utsjånad.

Og der, i lysningen på stien, trakkar ein rådyrbukk forsiktig ut av buskaset. Som ti år gamle Anine på jakt med mor sit vi heilt stille. Berre meter frå oss hevar dyret snuten mot himmelen og tar inn lukta vår, før det snur og går tilbake til sitt.

I denne augneblinken av skogkledd harmoni vil Anine kome med ei påminning om denne vesle flekken på kloden som heiter Kongeriket Noreg.

– Heile systemet vårt er bygd opp kring erkjenninga av at menneske tar feil. Det er ein grunn til at vi har tre instansar i rettssystemet, at vi har høyringsrundar, at Stortinget skal ha to lovvedtak før lover blir vedtatt, seier ho.

– Har byråkrati eit ufortent dårleg rykte?

– Fråvær av byråkrati er vesentleg verre, trur eg. Ein bør i alle fall utfordre seg sjølv på korleis ting kunne vore rigga på ein annan måte. Det oppsiktsvekkande med rettsstatlege demokrati er eigentleg at det er utruleg mykje meir som kunne gått på tverke – som ikkje gjer det.  

Bli DNT-medlem

Print er ikke dødt.

Portrettet med Anine Kierulf kan du også lese på papir i Fjell & Vidde utgåve 4/2026. Bli DNT-medlem og få magasinet i postkassa.

Bli DNT-medlem
Til DNT.no DNT logo

Du vil kanskje også like desse sakene:

  • INGA STRÜMKE elsker det naturlige og forsker på det kunstige.

    Les mer
  • Lindmo

    Lindmo

    Når naturen kaller, svarer talkshowdronningen ANNE LINDMO et rungende «ja».

    Les mer
  • Post verdensrekord

    Post verdensrekord

    KRISTIN HARILA er ferdig med å bestige de høyeste toppene, men har fremdeles noe ugjort i Himalaya.

    Les mer