Hopp til hovedinnhold 

Ut på tur

Operasjon Gråtrost

Tre sabotørar reiste ei lita bu i Tafjordfjella under krigen. No kan du sjølv gå i deira fotspor.

Ei månelys natt i starten av mars 1944 dalar ei rekke fallskjermar ned over Tafjordfjella.

Under ein av dei dinglar Joachim H. Rønneberg. Den lokalkjente motstandsmannen har nettopp kasta seg ut frå eit britisk Halifax-fly, saman med Birger Strømsheim og Olav Aarsæther.

Han forstår raskt at flysleppet ikkje har gått etter planen. Frå lufta kan Rønneberg skimte DNT-hytta Reindalseter nede i skogen. Sjølv har han, kameratane og alt utstyret ein faretrugande stø kurs mot kvasse Torsnos (1975 moh.). Operasjon Fieldfare (gråtrost) er i ferd med å ta slutt før den i heile har starta.

Det var en alminnelig oppfatning i Royal Air Force at disse nordmennene som drev og hoppet ut i vinterfjellet om nettene, ikke kunne være vel bevart. Og disse tre kunne de i alle fall avskrive. 

Dette skriv Gunnar Myklebust i biografien om Rønneberg. På mirakuløst, strabasiøst og tidvis spektakulært vis, ville historia det annleis.

Historiske vandreruter

  • Fieldfare-ruta i Tafjordfjella er ei Historisk vandrerute. Den går frå Zakariasvatnet til Reindalseter, deretter vidare til Veltdalshytta og Fieldfarehytta via Huldrekoppen og Rønnebergråsa. Herifrå returnerer du til Reindalseter og Zakariasvatnet gjennom Nedre Veltdalen. Turen tar 3–4 dagar og er 30 km lang. Les meir om ruta på UT.no.
  • Historiske vandreruter er eit samarbeid mellom DNT og Riksantikvaren. Det finst 18 ulike ruter. Ei oversikt over alle rutene finn du her.

 

 Den originale Fieldfare-hytta rasa kort tid etter krigen. Ein tru kopi blei reist av Joachim H. Rønneberg og gjeve i gåve til DNT Sunnmøre i 1990. Her kan du overnatte på like spartansk vis som under krigen. Sovepose, liggeunderlag og primus er nødvendig.

Operasjon Fieldfare var ein plan om å sabotere jernbana gjennom Romsdalen for å hindre tyskarane i å flytte troppane, men sjølve aksjonen tok ikkje til før 4. januar 1945.

I mellomtida levde dei tre medlemene av Kompani Linge i fjellet. Først i ein stormfull teltleir oppunder Torsnos, med oppsamling og organisering av alt utstyret som låg spreidd etter flysleppet. Deretter etablerte dei seg i Veltdalsbu, ei brakke som sto igjen etter anleggsarbeida til Tafjord Kraft.

Den første tida, før turistane vrimla i fjellet, gjekk dei mykje i nærområdet for å gjere seg kjent. Dei la ut depot med nødvendig utstyr for operasjon og ga etter kvart signal til England om at dei var klare.

Tida gjekk, og Rønneberg, Strømsheim og Aarsæther måtte finne skjul for fotturistane som ville kome om sommaren. Eit særeige byggverk, som mennene reiste under ein hammar, heilt i kanten på eit lite vatn, blei den perfekte tilhaldsstaden vidare.

Den 25. juni 1944 var Fieldfarehytta klar for innflytting, dessverre utan kranselag.

Maten var derimot i ferd med å ta slutt, og dei fekk stadig avslag om nye forsyningar frå England. Rønneberg gjorde ein periode det til ei dagleg rutine å gå til den betjente hytta Reindalseter etter arbeidstid for å hente mat. Ein krevjande tur vinter og vår.

Over tid henta dei 45 kilo klippfisk, 45 kilo saltkjøt, 75 kilo mjøl, samt ein del sukker og margarin. Det blei med andre ord gjort eit realt innhogg i matlageret til hytta, som sjølvsagt ville bli oppdaga då hytta skulle opne for sesongen.

Dei klarte etter litt om og men å få formidla til ein trygg kontakt at tjuveriet ikkje måtte bli anmeld. Likevel hamna ein rapport om tjuveriet hos lensmannen, men nokon var kloke nok til å legge den til side.

 Tonje, Hanne og Siri er ein ung, uniformert og moderne trio som har gått frå Tunga, via Pyttbua og hit til Veltdalshytta. I fred og moderne tid treng ein (heldigvis) ikkje gøyme seg, tvert imot. Som T-skjorta syner kallar dei seg @eventyr_trioen og vil i tillegg til å vere på eventyr i fjellheimen, gjerne bli store på Instagram.
 Blant desse spisse og kantete fjella landa dei tre motstandsmennene. Planen var å lande to mil lenger aust, der det er hakket mindre tett mellom høgdekotene.

Då sommaren kom, måtte dei tre halde seg i ro og var berre ute til tider av døgnet då det var liten sjanse for å møte andre. Rønneberg gjekk ofte turar på eiga hand, han likte seg åleine i fjellet.

Motstandsmennene gjekk inn i haust og vinter, før dei fekk signal om å forberede eit angrep på jernbana. Medan telegrafist Olav Aarsæther blei igjen i hytta, utførte Rønneberg og Aarsæther ei sprenging av Stuguflåtbrua på Raumabana. Tyskarane klarte ikkje å spore dei opp.

Ofte når vi var i fjellet, slitne etter å ha gått i de verste værforhold, sa vi til hverandre: «Hvor heldige vi er som er her i dag. Tenk på alle dem som ikke har sjansen, og husk hvor mye de går glipp av.» Slike tanker ga oss ny styrke og inspirasjon. Dette er bare en av de lysere sidene – tenk følelsen vi hadde der vi gikk rundt i fjellene i strålende solskinn! 

Joachim H. Rønneberg skreiv desse orda på frigjeringsdagen 8. mai 1945 i London, som nokre ekstra linjer til rapporten om Fieldfare. Han kjende på at han ville poengtere at operasjonen hadde langt fleire lyse sider enn rapporten kanskje ga inntrykk av.

Om du følgjer i fotspora til Fieldfare-gjengen i dag, vil kanskje blikket vandre til blomane på bakken, snøen sola aldri fekk tak på, eller skyene som slører seg rundt toppane.

Sjølv med krigen som bakteppe og behovet for eit årvakent blikk på omgjevnadane, er det ikkje usannsynleg at Rønneberg, Strømsheim og Aarsæther gjorde det same.

 Frå Rønnebergråsa har du utsikt tilbake på Reindalseter og Langvatnet og Huldrekoppen lengre oppe.

Du vil kanskje også like disse sakene:

  • Oh, Lord

    Oh, Lord

    På en fjellhylle høyt over Skarvheimen ligger en gammel steinbu. Her kan du bo som en lord.

    Les mer
  • Store Guidetind

    Store Guidetind

    Stadig flere leier guide for å komme seg til topps på utropstegnet i norsk fjellsporthistorie.

    Les mer
  • En ode til aleneturen

    En ode til aleneturen

    Å være der ingen andre er.

    Les mer